Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 14:19-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Eller om eg sende pest i landet og auste ut min harme over det, så eg drap og rydda ut både menneske og dyr,

20. då kunne Noah, Daniel og Job, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – verken berga son eller dotter. Ved si rettferd kunne dei berre berga sitt eige liv.

21. For så seier Herren Gud: Sjølv om eg sender dei fire vonde straffedommane mine over Jerusalem – sverd, svolt, villdyr og pest – for å rydda ut både menneske og dyr frå byen,

22. skal ein rest av overlevande likevel bli att der, søner og døtrer som skal førast ut. Sjå! Dei skal koma ut til dykk. Når de ser korleis dei ferdast og kva dei gjer, finn de trøyst etter ulukka som eg lét koma over Jerusalem, alt det eg lét koma over henne.

23. Og dei skal vera dykk til trøyst når de ser korleis dei ferdast og kva dei gjer. Då skal de skjøna at det ikkje er utan grunn eg har gjort alt det eg gjorde der, seier Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 14