Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 13:11-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Sei til dei som kalkar: Veggen ramlar! Regnet fløymer. Eg får haglstein til å falla og stormvind til å bryta laus.

12. Så fell veggen. Vil dei ikkje då seia til dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»

13. Difor seier Herren Gud: I min harme lèt eg ein stormvind bryta laus, i min vreide sender eg regn og hagl som øydelegg alt.

14. Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, eg jamnar han med jorda så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de omkoma midt i han. Då skal de kjenna at eg er Herren.

15. Eg auser all min harme på veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som kalka han,

16. profetane i Israel som spådde om Jerusalem og såg syn om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred», seier Herren Gud.

17. Du menneske, vend deg mot døtrene i folket ditt som profeterer ut frå sitt eige hjarte. Tal profetord mot dei

18. og sei: Så seier Herren Gud: Ve dei som syr band til alle handledd og lagar tørkle til hovuda, alt etter kor store dei er, for å fanga menneskesjeler! De fangar sjelene til folket mitt for å halda dykkar eigne sjeler i live.

19. De vanhelgar meg hos folket mitt for nokre nevar bygg og nokre brødskalkar når de tek livet av menneske som ikkje skulle døy, og bergar livet til andre som ikkje skulle leva. Slik lyg de for folket mitt, som gjerne høyrer på løgn.

Les hele kapitlet Esekiel 13