Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 12:3-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Men du, menneske, pakk tinga dine for eksil og far av stad om dagen rett framfor auga på folk! Far bort frå bustaden din til ein annan stad, rett framfor auga på dei. Kanskje dei då vil innsjå at dei er ei trassig ætt.

4. Tinga dine skal du bera ut om dagen rett framfor auga på dei, og sjølv skal du fara av stad om kvelden rett framfor auga på dei, lik folk som blir bortførte.

5. Bryt hol i veggen rett framfor auga på dei, og ber tinga dine ut gjennom det.

6. Ta dei på aksla rett framfor auga på dei, i mørkret skal du ta dei ut. Andletet skal du dekkja til så du ikkje ser landet. Slik gjer eg deg til eit varsel for Israels hus.

7. Eg gjorde det som var sagt. Om dagen bar eg ut tinga mine som utstyr for eksil. Om kvelden braut eg meg hol i veggen med hendene. I mørkret bar eg tinga mine ut, eg tok dei på aksla rett framfor auga på dei.

8. Morgonen etter kom Herrens ord til meg:

9. Menneske, har ikkje Israels hus, den trassige ætta, spurt deg: «Kva er det du gjer?»

10. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Det du ber på, er fyrsten i Jerusalem og heile Israels hus, dei som er der.

11. Sei: Eg er eit varsel for dykk. Det eg har gjort, skal gjerast med dei i byen. Dei skal fara i eksil, i fangenskap skal dei fara.

12. I mørkret skal fyrsten som er hos dei, ta tinga sine på aksla og dra ut. Dei skal bryta hol i veggen og føra han ut. Andletet skal han dekkja til så han ikkje kan sjå landet med auga.

13. Eg vil spenna ut garnet mitt over han, han skal fangast i nettet. Så fører eg han til Babel i Kaldearlandet. Men det får han ikkje sjå. Og der skal han døy.

14. Alle som er i lag med han, både medhjelparane og alle soldatane, vil eg spreia for alle vindar og forfølgja med drege sverd.

15. Då skal dei kjenna at eg er Herren, når eg spreier dei mellom folkeslaga og strør dei ut i landa.

Les hele kapitlet Esekiel 12