Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 11:4-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Tal profetord mot dei! Tal profetord, menneske!»

5. Då kom Herrens ånd over meg og sa eg skulle seia: Så seier Herren: Slik talar de, Israels hus, og eg kjenner dei tankane som stig opp i dykk.

6. De har drepe så mange her i byen at gatene er fulle av falne.

7. Difor seier Herren Gud: Dei som de drap og lét liggja i byen, det er dei som er kjøtet, og byen er gryta. Men de skal førast ut derifrå.

8. De er redde for sverdet, og eg lèt sverdet koma mot dykk, seier Herren Gud.

9. Eg fører dykk ut av byen, gjev dykk over til framande og fullfører dommen over dykk.

10. De skal falla for sverd, ved Israels grense vil eg dømma dykk. Då skal de kjenna at eg er Herren.

11. Byen skal ikkje vera ei gryte for dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den. Ved Israels grense vil eg dømma dykk.

12. Då skal de kjenna at eg er Herren, de som ikkje følgjer mine forskrifter og ikkje held mine lover, men må følgja lovene til folkeslaga omkring dykk.

13. Medan eg profeterte, døydde Pelatja, son til Benaja. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda og skreik høgt: «Å, Herre Gud, gjer du ende på alt som er att av Israel?»

14. Herrens ord kom då til meg:

15. Menneske! Brørne dine, brørne dine som er saman med deg i eksil, heile Israels hus – om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.»

16. Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Sjølv om eg førte dei langt bort mellom folkeslaga og spreidde dei i landa, vart eg ein liten heilagdom for dei i landa dei kom til.

Les hele kapitlet Esekiel 11