Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 11:14-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Herrens ord kom då til meg:

15. Menneske! Brørne dine, brørne dine som er saman med deg i eksil, heile Israels hus – om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.»

16. Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Sjølv om eg førte dei langt bort mellom folkeslaga og spreidde dei i landa, vart eg ein liten heilagdom for dei i landa dei kom til.

17. Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Eg vil samla dykk ute mellom folka, sanka dykk saman frå dei landa de er spreidde i, og gje dykk Israels land.

18. Når dei kjem dit, skal dei fjerna alle dei motbydelege og avskyelege gudebileta derifrå.

19. Eg gjev dei eit anna hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dei. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dei og gjev dei eit kjøthjarte i staden,

20. slik at dei kan følgja forskriftene mine, halda fast ved lovene mine og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.

21. Men dei som i hjartet følgjer dei motbydelege og avskyelege gudane, det dei har gjort, lèt eg koma over deira eige hovud, seier Herren Gud.

22. Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula følgde med. Høgt oppe over dei trona herlegdomen til Israels Gud.

23. No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stansa på fjellet austafor.

24. Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds ånd, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt.

25. Og eg tala til dei bortførte om alt det som Herren hadde synt meg.

Les hele kapitlet Esekiel 11