Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 10:17-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Når kjerubane stod, stod hjula òg, og når kjerubane lyfte seg, lyfte hjula seg med dei. For ånda til skapningane var i hjula.

18. No flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i tempelet og stilte seg over kjerubane.

19. Kjerubane lyfte vengene og letta frå bakken. Eg såg dei gå framover, og hjula følgde med. Dei stansa attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og over dei kvilte herlegdomen til Israels Gud.

20. Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar.

21. Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender.

Les hele kapitlet Esekiel 10