Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 10:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg såg, og sjå! – over kvelven som var over hovudet på kjerubane, var det noko som likna safirstein. Noko som såg ut til å likna ein tronstol, viste seg over dei.

2. Han sa til mannen kledd i lin: «Gå inn mellom hjula under kjerubane! Fyll nevane med glør frå elden mellom kjerubane og strø dei ut over byen!» Og han gjekk inn medan eg såg på.

3. Kjerubane stod på høgre sida av tempelet då mannen gjekk inn, og skya fylte den indre tempelgarden.

4. Då lyfte Herrens herlegdom seg opp frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i tempelet. Skya fylte huset, og stråleglansen frå Herrens herlegdom fylte føregarden.

5. Lyden frå kjerubvengene kunne høyrast heilt ut i den ytre føregarden. Det var som røysta til Gud, Den veldige, når han talar.

6. Då mannen kledd i lin vart beden om å henta eld mellom hjula, mellom kjerubane, gjekk han inn og stilte seg ved det eine hjulet.

7. Og ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane. Han tok opp glør og la i nevane på mannen i linkleda. Han tok imot og gjekk ut.

8. Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko med form som menneskehender.

Les hele kapitlet Esekiel 10