Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 1:12-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Kvar av dei gjekk beint fram. Dit ånda førte dei, gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

13. Dei som likna levande skapningar, såg ut som brennande kol, som faklar såg dei ut. Elden fór att og fram mellom dei. Det blinka og lynte av han.

14. Skapningane fór att og fram, det såg ut som lynet.

15. Eg såg på dei fire skapningane, og sjå! – det stod eit hjul på bakken attmed kvar av dei.

16. Hjula såg ut som dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var like. Det såg ut som dei var laga slik at det eine hjulet var inni det andre.

17. Dei kunne røra seg til alle fire sidene, men dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

18. Hjula var høge og skremmande, og det var fullt av auge rundt om på alle dei fire hjulringane.

19. Når skapningane rørte seg, rørte også hjula seg attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg.

20. Dit ånda ville at dei skulle gå, dit gjekk dei. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda til skapningane var i hjula.

21. Dei gjekk når skapningane gjekk, og stansa når dei stansa. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei, for ånda til skapningane var i hjula.

22. Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Han var spent ut høgt over hovuda på dei og såg ut som is – skremmande.

23. Under kvelven strekte vengene seg ut mot kvarandre. Kvar skapning hadde to venger til, to venger som dekte kroppen.

24. Og eg høyrde lyden av vengene når dei rørte på seg. Det var som lyden av veldige vassmengder, som røysta til Den veldige. Bråket var som lyden av ein hær. Når dei stansa, senka dei vengene.

25. Det buldra frå kvelven over hovudet deira når dei stansa og senka vengene.

26. Over kvelven som var over hovudet på dei, var det noko som såg ut som safirstein og likna ein tronstol. Oppe på trona sat det ein som var lik eit menneske å sjå til.

27. Frå det som såg ut til å vera hoftene og oppover, såg eg noko som likna skinande metall med noko som såg ut som eld omkring. Og frå hoftene og nedover såg eg noko som såg ut som eld med ein lysglans omkring.

28. Lysglansen såg ut som bogen i skya ein regnvêrsdag. Det var dette Herrens herlegdom likna, slik såg han ut. Då eg fekk sjå det, kasta eg meg ned med andletet mot jorda, og eg høyrde røysta til ein som tala.

Les hele kapitlet Esekiel 1