Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9:45-57 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

45. Abimelek kjempa mot byen heile dagen. Han tok byen, og folket som var der, slo han i hel. Byen reiv han ned og sådde han til med salt.

46. Då mennene i Sikem-borga høyrde det, gjekk dei alle inn i kjellarrommet under El-Berit-tempelet.

47. Så snart Abimelek fekk vita at alle menn i Sikem-borga hadde samla seg,

48. gjekk han opp på Salmon-fjellet med alle mennene sine. Abimelek greip tak i ei øks og hogg greiner av trea. Han lyfte dei opp og la dei på skuldra. Så sa han til folka sine: «De ser kva eg har gjort. Skund dykk og gjer som eg.»

49. Alt folket hogg kvar si bør med greiner og følgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellarrommet og sette fyr på dei over hovudet på dei som var der. Slik mista dei livet, alle som var i Sikem-borga òg, om lag tusen menn og kvinner.

50. Sidan gjekk Abimelek mot Tebes. Han kringsette byen og tok han.

51. Midt i byen var det eit festningstårn. Dit rømde alle menn og kvinner og alle dei mektige i byen. Dei stengde etter seg og gjekk opp på tårntaket.

52. Abimelek gjekk fram mot tårnet og ville ta det. Men då han kom inntil porten i tårnet og ville setja eld på han,

53. var det ei kvinne som kasta ein kvernstein i hovudet på Abimelek så skallen hans vart knust.

54. Han ropa snøgt til våpenberaren sin: «Dra sverdet og drep meg, så det ikkje skal seiast at ei kvinne slo meg i hel!» Då stakk tenaren sverdet gjennom han, og han døydde.

55. Då israelittane såg at Abimelek var død, gjekk dei heim, kvar til sitt.

56. Såleis gav Gud Abimelek like for det vonde han gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine.

57. Og alt det vonde som mennene i Sikem hadde gjort, lét Gud koma att over hovuda deira. Den forbanninga som Jotam, son til Jerubbaal, hadde lyst, kom over dei.

Les hele kapitlet Dommarane 9