Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9:33-50 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. I morgon tidleg, når sola går opp, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Gaal og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du maktar.»

34. Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire grupper.

35. Då Gaal, son til Ebed, gjekk ut og stod ved inngangen til byporten, kom Abimelek og folket hans fram frå bakhaldet.

36. Gaal fekk auge på folket og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for menneske.»

37. Men Gaal heldt fram: «Jau, det kjem folk ned frå verdsens navle, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.»

38. Då sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Var det ikkje du som sa: Kven er Abimelek, at vi skulle tena han? Sjå, her kjem desse folka du vørde så lite. Dra no ut og kjemp mot dei!»

39. Då drog Gaal ut i spissen for mennene i Sikem og kjempa mot Abimelek.

40. Men Abimelek sette etter han og dreiv han på flukt. Mange fall; det låg drepne heilt bort til byporten.

41. Sidan slo Abimelek seg ned i Aruma. Og Sebul dreiv Gaal og brørne hans bort; dei fekk ikkje bu i Sikem.

42. Dagen etter skulle Sikem-folket ut på marka. Då Abimelek fekk vita det,

43. delte han hæren sin i tre flokkar og la seg i bakhald ute i ope lende. Då han såg at folka kom ut av byen, sette han på dei og slo dei.

44. Abimelek og flokken som følgde han, sprang og stilte seg ved inngangen til byporten, medan dei to andre flokkane tok på alle som var ute på marka, og hogg dei ned.

45. Abimelek kjempa mot byen heile dagen. Han tok byen, og folket som var der, slo han i hel. Byen reiv han ned og sådde han til med salt.

46. Då mennene i Sikem-borga høyrde det, gjekk dei alle inn i kjellarrommet under El-Berit-tempelet.

47. Så snart Abimelek fekk vita at alle menn i Sikem-borga hadde samla seg,

48. gjekk han opp på Salmon-fjellet med alle mennene sine. Abimelek greip tak i ei øks og hogg greiner av trea. Han lyfte dei opp og la dei på skuldra. Så sa han til folka sine: «De ser kva eg har gjort. Skund dykk og gjer som eg.»

49. Alt folket hogg kvar si bør med greiner og følgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellarrommet og sette fyr på dei over hovudet på dei som var der. Slik mista dei livet, alle som var i Sikem-borga òg, om lag tusen menn og kvinner.

50. Sidan gjekk Abimelek mot Tebes. Han kringsette byen og tok han.

Les hele kapitlet Dommarane 9