Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9:3-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Då gjekk morbrørne og sa alt dette til alle menn i Sikem. Og hjartet deira vart vunne for Abimelek, for dei sa: «Han er jo ein av våre.»

4. Så gav dei han sytti sjekel sølv frå tempelet til Baal-Berit. For dei leigde Abimelek nokre simple menn som gjekk og dreiv, og dei følgde han.

5. Så fór han til huset åt far sin i Ofra. Der drap han brørne sine, sønene til Jerubbaal, sytti mann på éin stein. Berre Jotam, yngste sonen til Jerubbaal, vart att, for han hadde gøymt seg.

6. Alle menn med makt i Sikem og alle som var i Bet-Millo, samla seg. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, ved steinstøtte-eika i Sikem.

7. Då Jotam fekk vita det, gjekk han opp på toppen av Garisim-fjellet. Han ropa høgt:Høyr på meg, de menn i Sikem,så skal Gud høyra på dykk!

8. Ein gong gjekk treafor å salva ein konge.Dei sa til oliventreet:«Du skal vera konge over oss!»

9. Men oliventreet svara:«Skulle eg gje avkall på oljen minsom gudar og menneske blir æra med,og gje meg til å svaia over dei andre trea?»

10. Då sa trea til fikentreet:«Kom du og ver konge over oss!»

11. Fikentreet svara:«Skulle eg gje avkall på mi søte, gode fruktog gje meg til å svaia over dei andre trea?»

12. Så sa dei til vintreet:«Kom du og ver konge over oss!»

13. Vintreet svara:«Skulle eg gje avkall på den nye vinensom gjer gudar og menneske glade,og gje meg til å svaia over dei andre trea?»

14. Då sa alle trea til klungeren:«Kom du og ver konge over oss!»

15. Klungeren svara:«Er det verkeleg slikat de vil salva meg til konge,så kom og søk ly i skuggen min!Elles fer det eld ut frå klungeren,og han skal øyda sedrane på Libanon.»

16. Har de fare ærleg og trufast fram når de no har gjort Abimelek til konge? Gjorde de vel mot Jerubbaal og ætta hans og lét han få som han fortente?

17. Far min stridde for dykk, han våga livet og berga dykk ut av hendene på Midjan.

Les hele kapitlet Dommarane 9