Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9:24-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Dette hende for at valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene til Jerubbaal, kunne bli hemna. Blodet deira skulle koma både over deira eigen bror Abimelek, han som drap dei, og over mennene i Sikem, som støtta han så han kunne drepa brørne sine med eigne hender.

25. Mennene i Sikem la folk i bakhald mot han på fjelltoppane, og dei rana alle som fór forbi dei på vegen. Dette fekk Abimelek vita.

26. Gaal, son til Ebed, kom til Sikem saman med brørne sine, og mennene i Sikem fekk tillit til han.

27. Dei gjekk ut og hausta vinmarkene sine og pressa druene. Så heldt dei fest. Dei gjekk inn i tempelet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.

28. Då sa Gaal, son til Ebed: «Kven er Abimelek, og kven er Sikem, at vi skulle tena han? Er han ikkje son til Jerubbaal, og er ikkje Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som ættar frå Hamor, far til Sikem! Kvifor skulle vi tena denne mannen?

29. Gjev eg hadde hand om dette folket, så skulle eg få Abimelek or vegen. Då skulle eg seia til han: Auk hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»

30. Då Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Gaal, son til Ebed, hadde sagt, vart han rasande.

31. Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Høyr! Gaal, son til Ebed, er komen til Sikem saman med brørne sine, og dei øser opp byen mot deg.

32. No i natt skal du ta i veg med det folket du har hos deg, og leggja deg i bakhald ute i ope lende.

33. I morgon tidleg, når sola går opp, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Gaal og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du maktar.»

34. Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire grupper.

35. Då Gaal, son til Ebed, gjekk ut og stod ved inngangen til byporten, kom Abimelek og folket hans fram frå bakhaldet.

36. Gaal fekk auge på folket og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for menneske.»

37. Men Gaal heldt fram: «Jau, det kjem folk ned frå verdsens navle, og ein annan flokk kjem på vegen frå Spåmannseika.»

38. Då sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Var det ikkje du som sa: Kven er Abimelek, at vi skulle tena han? Sjå, her kjem desse folka du vørde så lite. Dra no ut og kjemp mot dei!»

39. Då drog Gaal ut i spissen for mennene i Sikem og kjempa mot Abimelek.

Les hele kapitlet Dommarane 9