Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9:18-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Men i dag har de reist dykk mot slekta til far min og drepe sønene hans, sytti mann på éin stein. De har gjort Abimelek, som er son til slavekvinna hans, til konge over Sikems menn fordi han er ein av dykk.

19. Har de i dag fare ærleg og trufast fram mot Jerubbaal og ætta hans, så gled dykk over Abimelek og lat han gleda seg over dykk!

20. Men har de ikkje det, skal det gå eld ut frå Abimelek og øydeleggja mennene i Sikem og Bet-Millo. Og eld skal gå ut frå mennene i Sikem og frå Bet-Millo og øydeleggja Abimelek.

21. Så rømde Jotam. Han flykta og fór til Beer. Der slo han seg ned så Abimelek, bror hans, ikkje kunne nå han.

22. I tre år styrte Abimelek i Israel.

23. Då sende Gud ei vond ånd mellom Abimelek og mennene i Sikem, så dei sveik Abimelek.

24. Dette hende for at valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene til Jerubbaal, kunne bli hemna. Blodet deira skulle koma både over deira eigen bror Abimelek, han som drap dei, og over mennene i Sikem, som støtta han så han kunne drepa brørne sine med eigne hender.

25. Mennene i Sikem la folk i bakhald mot han på fjelltoppane, og dei rana alle som fór forbi dei på vegen. Dette fekk Abimelek vita.

26. Gaal, son til Ebed, kom til Sikem saman med brørne sine, og mennene i Sikem fekk tillit til han.

27. Dei gjekk ut og hausta vinmarkene sine og pressa druene. Så heldt dei fest. Dei gjekk inn i tempelet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.

28. Då sa Gaal, son til Ebed: «Kven er Abimelek, og kven er Sikem, at vi skulle tena han? Er han ikkje son til Jerubbaal, og er ikkje Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som ættar frå Hamor, far til Sikem! Kvifor skulle vi tena denne mannen?

29. Gjev eg hadde hand om dette folket, så skulle eg få Abimelek or vegen. Då skulle eg seia til han: Auk hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»

30. Då Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Gaal, son til Ebed, hadde sagt, vart han rasande.

31. Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Høyr! Gaal, son til Ebed, er komen til Sikem saman med brørne sine, og dei øser opp byen mot deg.

32. No i natt skal du ta i veg med det folket du har hos deg, og leggja deg i bakhald ute i ope lende.

33. I morgon tidleg, når sola går opp, skal du rykkja fram og ta på byen. Då vil Gaal og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du maktar.»

Les hele kapitlet Dommarane 9