Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 9:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Abimelek, son til Jerubbaal, fór til morbrørne sine i Sikem. Han tala med dei og med heile slekta til morfaren sin og sa:

2. «Gå no til alle menn med makt i Sikem og spør: Kva er best for dykk? Vil de ha sytti mann, alle sønene til Jerubbaal, til å rå over dykk, eller vil de at berre éin mann skal rå? Kom i hug at eg er av same bein og kjøt som de.»

3. Då gjekk morbrørne og sa alt dette til alle menn i Sikem. Og hjartet deira vart vunne for Abimelek, for dei sa: «Han er jo ein av våre.»

4. Så gav dei han sytti sjekel sølv frå tempelet til Baal-Berit. For dei leigde Abimelek nokre simple menn som gjekk og dreiv, og dei følgde han.

5. Så fór han til huset åt far sin i Ofra. Der drap han brørne sine, sønene til Jerubbaal, sytti mann på éin stein. Berre Jotam, yngste sonen til Jerubbaal, vart att, for han hadde gøymt seg.

6. Alle menn med makt i Sikem og alle som var i Bet-Millo, samla seg. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, ved steinstøtte-eika i Sikem.

7. Då Jotam fekk vita det, gjekk han opp på toppen av Garisim-fjellet. Han ropa høgt:Høyr på meg, de menn i Sikem,så skal Gud høyra på dykk!

Les hele kapitlet Dommarane 9