Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 8:26-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Då han vog gullringane som han hadde bede om, var det eitt tusen sju hundre sjekel gull, forutan halvmånane, øyreringane og purpurkleda som Midjan-kongane hadde hatt på seg, og lenkjene som kamelane deira hadde bore kring halsen.

27. Av gullet laga Gideon seg ein efod som han sette opp i Ofra, heimbyen sin. Alle israelittane der kom og dreiv hor med efoden, og han vart til ei snare for Gideon og hans hus.

28. Såleis måtte midjanittane bøya seg under israelittane, og dei lyfte aldri hovudet att. Sidan hadde landet fred i førti år, så lenge Gideon levde.

29. Så gjekk Jerubbaal, son til Joasj, heim til sitt eige hus og vart buande der.

30. Frå Gideon gjekk det ut sytti søner, for han hadde mange koner.

31. Følgjekona han hadde i Sikem, fødde òg ein son til han, og han gav han namnet Abimelek.

32. Gideon, son til Joasj, døydde i høg alder og vart lagd i grava til Joasj, far sin, i Ofra, byen til Abieser-slekta.

33. Då Gideon var død, byrja israelittane å driva hor med Baal-gudane att. Dei gjorde Baal-Berit til sin gud.

34. Israelittane tenkte ikkje på Herren sin Gud, som hadde berga dei frå alle fiendar rundt ikring.

35. Dei viste ingen truskap mot Gideon, mot Jerubbaal og huset hans, trass i alt det gode han hadde gjort for Israel.

Les hele kapitlet Dommarane 8