Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 8:13-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då Gideon, son til Joasj, vende heim frå striden og kom opp gjennom Heres-passet,

14. fekk han tak i ein ung gut, ein av mennene i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han namna på hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann.

15. Då han kom til mennene i Sukkot, sa han: «Sjå, her er Sebah og Salmunna, som de spotta meg for då de sa: Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje dei trøytte mennene dine brød?»

16. Han greip dei eldste i byen. Så tok han ville tornebuskar og tistlar og lærte mennene i Sukkot ei lekse med dei.

17. Tårnet i Penuel reiv han ned, og mennene i byen slo han i hel.

18. Sidan sa han til Sebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennene som de slo i hel på Tabor?» Dei svara: «Dei likna deg. Begge såg ut som kongssøner.»

19. Han sa: «Då var det brørne mine, sønene til mi eiga mor. Så sant Herren lever, hadde de spart livet deira, skulle eg ikkje ha drepe dykk.»

20. Og han sa til Jeter, eldste son sin: «Gå fram og slå dei i hel!» Men guten drog ikkje sverdet. Han torde ikkje, for han var berre ein unggut endå.

21. Då sa Sebah og Salmunna: «Kom sjølv og hogg oss ned! For som mannen er, så er styrken hans.» Så gjekk Gideon fram og slo Sebah og Salmunna i hel, og han tok halvmånane som kamelane deira hadde om halsen.

22. Israelittane sa til Gideon: «Du skal rå over oss, både du og son din og soneson din, for du har berga oss ut av hendene på midjanittane.»

23. Men Gideon svara: «Eg skal ikkje rå over dykk. Son min skal heller ikkje rå over dykk. Herren skal rå over dykk.»

24. Sidan sa Gideon til dei: «Eg har ei bøn til dykk: at kvar av dykk gjev meg ein øyrering frå hærfanget sitt.» For midjanittane gjekk med øyreringar av gull; dei var ismaelittar.

25. Dei svara: «Vi gjev dei gjerne.» Så breidde dei ut ei kappe, og på den kasta kvar av dei ein ring frå hærfanget sitt.

26. Då han vog gullringane som han hadde bede om, var det eitt tusen sju hundre sjekel gull, forutan halvmånane, øyreringane og purpurkleda som Midjan-kongane hadde hatt på seg, og lenkjene som kamelane deira hadde bore kring halsen.

27. Av gullet laga Gideon seg ein efod som han sette opp i Ofra, heimbyen sin. Alle israelittane der kom og dreiv hor med efoden, og han vart til ei snare for Gideon og hans hus.

28. Såleis måtte midjanittane bøya seg under israelittane, og dei lyfte aldri hovudet att. Sidan hadde landet fred i førti år, så lenge Gideon levde.

29. Så gjekk Jerubbaal, son til Joasj, heim til sitt eige hus og vart buande der.

30. Frå Gideon gjekk det ut sytti søner, for han hadde mange koner.

Les hele kapitlet Dommarane 8