Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 8:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Mennene frå Efraim sa til Gideon: «Korleis er det du har fare åt mot oss? Kvifor sende du ikkje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanittane?» Og dei gjekk kraftig i rette med han.

2. Men han sa til dei: «Kva har eg gjort samanlikna med dykk? Er ikkje etterraksten til Efraim meir verd enn vinhausten til Abieser?

3. Det var i dykkar hender Gud gav midjanitthovdingane Oreb og Seeb. Har eg makta å gjera som de?» Då han sa dette, lét dei vreiden mot han stilna av.

4. Gideon kom til Jordan og gjekk over, han og dei tre hundre mennene som var med han. Dei var utmatta etter jakta.

5. Då sa han til mennene i Sukkot: «Kan de gje nokre brød til krigsfolket som følgjer meg, for dei er slitne. Eg jagar Sebah og Salmunna, kongane i Midjan.»

6. Men hovdingane i Sukkot svara: «Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje hæren din brød?»

7. Då sa Gideon: «Fordi du sa det, skal eg riva opp kjøtet dykkar med ville tornebuskar og tistlar når Herren har gjeve Sebah og Salmunna i mi hand.»

8. Så fór han opp til Penuel og spurde om det same. Men i Penuel svara mennene han på same vis som Sukkot-mennene hadde gjort.

9. Då sa han til dei òg: «Når eg kjem velberga tilbake, skal eg riva dette tårnet ned.»

10. Sebah og Salmunna låg i Karkor med hærane sine, om lag femten tusen mann. Det var alt som var att av hæren til folka frå aust. Hundre og tjue tusen våpenføre menn var falne.

11. Gideon drog opp langs vegen til teltbuarane aust for Nobah og Jogbeha, og han slo hæren som låg trygt i leiren.

12. Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei og tok begge Midjan-kongane, Sebah og Salmunna, til fange. Han fekk heile hæren til å skjelva av skrekk.

13. Då Gideon, son til Joasj, vende heim frå striden og kom opp gjennom Heres-passet,

14. fekk han tak i ein ung gut, ein av mennene i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han namna på hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann.

Les hele kapitlet Dommarane 8