Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 7:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Så lét Gideon hæren gå ned til kjelda, og Herren sa til han: «Alle dei som lepjar i seg vatnet med tunga slik som hundar gjer, skal du stilla opp for seg, og på same måten alle som legg seg på kne og drikk.»

6. Dei som lepja vatn frå handa, var tre hundre i talet. Alle dei andre la seg på kne og drakk.

7. Då sa Herren til Gideon: «Med dei tre hundre som lepja, skal eg berga dykk, og eg vil gje midjanittane i dine hender. Resten av hæren kan fara kvar til sitt.»

8. Dei overtok matforsyninga og bukkehorna frå resten av hæren. Så lét Gideon alle dei andre israelittane fara heim til telta sine, men dei tre hundre hadde han hos seg. Midjanittleiren låg lenger nede i dalen.

9. Då det vart natt, sa Herren til han: «Stå opp og gå ned til leiren! Eg gjev han i dine hender.

10. Er du redd, så gå først ned med Pura, tenaren din!

11. Høyr på det dei seier, då får du styrke nok i hendene til å dra ut mot leiren.» Så gjekk han og Pura, tenaren hans, ned til leiren, så langt som til forpostane utanfor.

12. Midjanittane og amalekittane og alle folka frå aust låg nede i dalen så tett som grashopper. Kamelane deira var det ikkje tal på; dei var som sanden på havsens strand.

13. Med det same Gideon kom, var det ein som fortalde kameraten sin ein draum. Han sa: «Du, eg har hatt ein draum om at eit byggbrød kom trillande ned mot midjanittleiren. Då det kom fram, støytte det mot teltet og velte det, så det vart snudd opp ned og vart liggjande.»

14. Då svara kameraten hans: «Dette kan ikkje vera noko anna enn sverdet til israelitten Gideon, son til Joasj. Gud har gjeve midjanittane og heile leiren i hans hender.»

15. Då Gideon høyrde draumen som vart fortald, og tydinga, bøygde han seg og tilbad. Han gjekk tilbake til Israelsleiren og sa: «Stå opp! Herren har gjeve midjanittleiren i hendene dykkar.»

Les hele kapitlet Dommarane 7