Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 7:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Så delte han dei tre hundre mennene i tre flokkar. Han gav dei alle bukkehorn og tomme krukker i hendene, og faklar til å ha inni krukkene.

17. Han sa til dei: «Sjå på meg og gjer som eg! Når eg er komen til utkanten av leiren, skal de gjera det same som eg gjer.

18. Når eg og alle som er med meg, blæs i bukkehorn, skal de òg blåsa i bukkehorn rundt ikring heile leiren og ropa: For Herren og for Gideon!»

19. Gideon og dei hundre mennene som var med han, kom til utkanten av leiren med det same midnattsvakta tok til; det var så vidt midjanittane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i bukkehorna og knuste krukkene som dei hadde med seg.

20. Alle tre flokkane bles i bukkehorn og knuste krukkene sine. Faklane heldt dei i venstre handa, og i høgre hadde dei bukkehorna som dei bles i. Og dei ropa: «Sverd for Herren og for Gideon!»

21. Men dei vart ståande kvar mann på sin plass kring leiren, medan alle i leiren rende att og fram og sprang skrikande bort.

22. Då dei tre hundre bles i bukkehorna, gjorde Herren det slik at alle i leiren lyfte sverd mot kvarandre. Dei rømde til Bet-Hasjitta, bort imot Serera, til utkanten av Abel-Mehola ved Tabbat.

23. Då samla israelittane seg til strid, frå Naftali, Asjer og heile Manasse, og sette etter midjanittane.

24. Over heile Efraim-fjellet sende Gideon bodberarar som skulle seia: «Far ned og møt midjanittane. Steng dei ute frå elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan!» Kvar einaste mann i Efraim fekk bod om å møta, og dei stengde vegen til elva heilt ned til Bet-Bara og Jordan.

25. Dei fanga to midjanitthovdingar, Oreb og Seeb. Oreb drap dei på Oreb-berget, Seeb drap dei ved Seeb-pressa. Så sette dei etter midjanittane. Hovuda av Oreb og Seeb tok dei med til Gideon på den andre sida av Jordan.

Les hele kapitlet Dommarane 7