Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:6-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Israel vart heilt utarma av midjanittane, og israelittane ropa til Herren.

7. Då israelittane ropa til Herren på grunn av midjanittane,

8. sende Herren ein profet til dei. Han sa: Så seier Herren, Israels Gud: Det var eg som førte dykk opp frå Egypt og henta dykk ut av slavehuset.

9. Eg berga dykk ut av hendene på egyptarane og frå alle som undertrykte dykk. Eg dreiv dei bort for dykk og gav dykk landet deira.

10. Eg sa til dykk: «Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje frykta gudane til amorittane, som eigde det landet de bur i.» Men de ville ikkje høyra på meg.

11. Då kom Herrens engel og sette seg under den eika som står i Ofra, den som høyrde til Joasj av Abieser-slekta. Gideon, son til Joasj, stod og treskte kveite i vinpressa for å berga kornet frå midjanittane.

12. Då synte Herrens engel seg for han og sa til han: «Herren er med deg, du djerve krigar.»

13. Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Om Herren er med oss, kvifor har då alt dette hendt med oss? Kvar er dei undera han gjorde, og som fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut frå Egypt. Men no har Herren vendt seg frå oss og gjeve oss i hendene på midjanittane.»

14. Herren vende seg til Gideon og sa: «Gå og bruk den styrken du eig, til å berga Israel ut av hendene på midjanittane! Det er eg som sender deg!»

15. Gideon svara: «Høyr, Herre! Korleis kan eg berga Israel? Mi slekt er den veikaste i Manasse, og sjølv er eg den yngste i huset til far min.»

16. Då sa Herren til han: «Eg vil vera med deg, og du skal slå midjanittane, alle som ein.»

17. Gideon sa: «Om eg har funne nåde for auga dine, så gjev meg eit teikn på at det er du som talar med meg.

18. Gå ikkje herifrå før eg kjem att! Eg skal henta ei offergåve og leggja henne fram for deg.» Han svara: «Eg blir her til du kjem att.»

19. Gideon gjekk og stelte til eit geitekje, så tok han ein efa mjøl og baka usyra brød. Kjøtet la han i ei korg, og suppa hadde han i ei krukke. Så bar han det ut under eika og sette det fram for han.

20. Då sa Guds engel til han: «Ta kjøtet og det usyra brødet, legg det på berget her og slå suppa over!» Han gjorde det.

21. Så rette Herrens engel fram spissen av staven som han hadde i handa, og rørte ved kjøtet og det usyra brødet. Då slo eld opp frå berget og fortærte kjøtet og brødet. Og Herrens engel kvarv bort for auga hans.

22. Då skjøna Gideon at det var Herrens engel.Gideon ropa: «Ve meg, min Gud og Herre! Eg har sett Herrens engel andlet til andlet!»

23. Men Herren sa til han: «Fred vere med deg, ver ikkje redd! Du skal ikkje døy.»

24. Så bygde Gideon eit altar for Herren der og kalla det «Herren er fred». Den dag i dag står det i Ofra, som høyrer til Abieser-slekta.

Les hele kapitlet Dommarane 6