Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:33-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Alle midjanittane, amalekittane og folka frå aust samla seg. Dei sette over Jordan og slo leir på Jisreel-sletta.

34. Då kom Herrens ande over Gideon. Han bles i horn, og Abieser-slekta samla seg og følgde han.

35. Så sende han bodberarar ut i heile Manasse, og dei samla seg og følgde han, dei òg. Han sende bodberarar til Asjer og Sebulon og Naftali, og dei kom og gav seg i lag med dei andre.

36. Då sa Gideon til Gud: «Om du vil berga Israel ved mi hand, som du har sagt,

37. så sjå hit: No legg eg denne nyklipte ulla på treskjevollen. Kjem det dogg berre på ulla medan heile marka er tørr, då veit eg at det er ved mi hand du vil berga Israel, slik som du har sagt.»

38. Og så vart det. Då Gideon stod opp morgonen etter og vreid opp ulla, klemde han så mykje dogg ut av henne at det vart ei skål full med vatn.

39. Då sa han til Gud: «Lat ikkje vreiden flamma opp mot meg om eg talar endå ein gong. Eg ville gjerne gjera prøva med ulla ein gong til. Lat no ulla åleine vera tørr, medan heile marka er dogga.»

40. Og natta etter gjorde Gud det slik: Ulla heldt seg tørr, men heile marka var doggvåt.

Les hele kapitlet Dommarane 6