Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:24-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Så bygde Gideon eit altar for Herren der og kalla det «Herren er fred». Den dag i dag står det i Ofra, som høyrer til Abieser-slekta.

25. Om natta sa Herren til Gideon: «Ta ungoksen som far din eig, og den andre oksen, den som er sju år gammal! Riv ned Baal-altaret til far din og hogg ned Asjera-pålen som står attmed det.

26. Så skal du på fastsett vis byggja eit altar for Herren din Gud på toppen av denne festninga. Ta den andre oksen og ber han fram som brennoffer; bruk veden av Asjera-pålen som du har hogge ned.»

27. Gideon tok med seg ti av tenarane sine og gjorde som Herren hadde sagt. Men han var redd familien sin og folket i byen; difor gjorde han det ikkje om dagen, men om natta.

28. Då folk i byen stod opp om morgonen, sjå, då var Baal-altaret nedrive, og Asjera-pålen som stod der, var hoggen ned. På det nybygde altaret var den andre oksen ofra.

29. Då sa dei seg imellom: «Kven kan ha gjort dette?» Og då dei undersøkte og spurde seg føre, vart det sagt at det var Gideon, son til Joasj, som hadde gjort det.

30. Mennene i byen sa då til Joasj: «Lat son din koma ut! Han skal døy! Han har rive ned Baal-altaret og hogge ned Asjera-pålen som stod attmed det.»

31. Men Joasj sa til alle som stod omkring han: «Vil de strida for Baal? Vil de hjelpa han? Den som strider for Baal, skal døy før morgonen gryr. Er han gud, så lat han strida for seg sjølv mot den som har rive ned altaret hans.»

32. Den dagen fekk Gideon namnet Jerubbaal, for dei sa: «Lat Baal strida mot han, sidan han har rive ned altaret hans!»

33. Alle midjanittane, amalekittane og folka frå aust samla seg. Dei sette over Jordan og slo leir på Jisreel-sletta.

34. Då kom Herrens ande over Gideon. Han bles i horn, og Abieser-slekta samla seg og følgde han.

35. Så sende han bodberarar ut i heile Manasse, og dei samla seg og følgde han, dei òg. Han sende bodberarar til Asjer og Sebulon og Naftali, og dei kom og gav seg i lag med dei andre.

36. Då sa Gideon til Gud: «Om du vil berga Israel ved mi hand, som du har sagt,

37. så sjå hit: No legg eg denne nyklipte ulla på treskjevollen. Kjem det dogg berre på ulla medan heile marka er tørr, då veit eg at det er ved mi hand du vil berga Israel, slik som du har sagt.»

38. Og så vart det. Då Gideon stod opp morgonen etter og vreid opp ulla, klemde han så mykje dogg ut av henne at det vart ei skål full med vatn.

Les hele kapitlet Dommarane 6