Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:19-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Gideon gjekk og stelte til eit geitekje, så tok han ein efa mjøl og baka usyra brød. Kjøtet la han i ei korg, og suppa hadde han i ei krukke. Så bar han det ut under eika og sette det fram for han.

20. Då sa Guds engel til han: «Ta kjøtet og det usyra brødet, legg det på berget her og slå suppa over!» Han gjorde det.

21. Så rette Herrens engel fram spissen av staven som han hadde i handa, og rørte ved kjøtet og det usyra brødet. Då slo eld opp frå berget og fortærte kjøtet og brødet. Og Herrens engel kvarv bort for auga hans.

22. Då skjøna Gideon at det var Herrens engel.Gideon ropa: «Ve meg, min Gud og Herre! Eg har sett Herrens engel andlet til andlet!»

23. Men Herren sa til han: «Fred vere med deg, ver ikkje redd! Du skal ikkje døy.»

24. Så bygde Gideon eit altar for Herren der og kalla det «Herren er fred». Den dag i dag står det i Ofra, som høyrer til Abieser-slekta.

25. Om natta sa Herren til Gideon: «Ta ungoksen som far din eig, og den andre oksen, den som er sju år gammal! Riv ned Baal-altaret til far din og hogg ned Asjera-pålen som står attmed det.

26. Så skal du på fastsett vis byggja eit altar for Herren din Gud på toppen av denne festninga. Ta den andre oksen og ber han fram som brennoffer; bruk veden av Asjera-pålen som du har hogge ned.»

27. Gideon tok med seg ti av tenarane sine og gjorde som Herren hadde sagt. Men han var redd familien sin og folket i byen; difor gjorde han det ikkje om dagen, men om natta.

28. Då folk i byen stod opp om morgonen, sjå, då var Baal-altaret nedrive, og Asjera-pålen som stod der, var hoggen ned. På det nybygde altaret var den andre oksen ofra.

29. Då sa dei seg imellom: «Kven kan ha gjort dette?» Og då dei undersøkte og spurde seg føre, vart det sagt at det var Gideon, son til Joasj, som hadde gjort det.

30. Mennene i byen sa då til Joasj: «Lat son din koma ut! Han skal døy! Han har rive ned Baal-altaret og hogge ned Asjera-pålen som stod attmed det.»

Les hele kapitlet Dommarane 6