Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Om Herren er med oss, kvifor har då alt dette hendt med oss? Kvar er dei undera han gjorde, og som fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut frå Egypt. Men no har Herren vendt seg frå oss og gjeve oss i hendene på midjanittane.»

14. Herren vende seg til Gideon og sa: «Gå og bruk den styrken du eig, til å berga Israel ut av hendene på midjanittane! Det er eg som sender deg!»

15. Gideon svara: «Høyr, Herre! Korleis kan eg berga Israel? Mi slekt er den veikaste i Manasse, og sjølv er eg den yngste i huset til far min.»

16. Då sa Herren til han: «Eg vil vera med deg, og du skal slå midjanittane, alle som ein.»

17. Gideon sa: «Om eg har funne nåde for auga dine, så gjev meg eit teikn på at det er du som talar med meg.

18. Gå ikkje herifrå før eg kjem att! Eg skal henta ei offergåve og leggja henne fram for deg.» Han svara: «Eg blir her til du kjem att.»

19. Gideon gjekk og stelte til eit geitekje, så tok han ein efa mjøl og baka usyra brød. Kjøtet la han i ei korg, og suppa hadde han i ei krukke. Så bar han det ut under eika og sette det fram for han.

20. Då sa Guds engel til han: «Ta kjøtet og det usyra brødet, legg det på berget her og slå suppa over!» Han gjorde det.

Les hele kapitlet Dommarane 6