Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 6:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Israelittane gjorde det som vondt var i Herrens auge. Då gav Herren dei i hendene på midjanittane i sju år.

2. Midjanittane hadde makta over Israel. For å koma unna Midjan stelte israelittane til dei gøymestadene som finst i fjella, både hòler og fjellborger.

3. Kvar gong israelittane hadde sådd, kom midjanittane og amalekittane og folka frå aust og gjekk til åtak på dei.

4. Dei slo leir midt imot dei og øydela avlinga i landet heilt bort til Gaza. Dei lét det ikkje bli noko att å leva av i Israel, ikkje ein sau eller ein okse eller eit esel.

5. For dei kom med buskap og telt som svermar av grashopper. Det var ikkje tal på dei og kamelane deira. Dei kom for å øydeleggja landet.

6. Israel vart heilt utarma av midjanittane, og israelittane ropa til Herren.

7. Då israelittane ropa til Herren på grunn av midjanittane,

8. sende Herren ein profet til dei. Han sa: Så seier Herren, Israels Gud: Det var eg som førte dykk opp frå Egypt og henta dykk ut av slavehuset.

9. Eg berga dykk ut av hendene på egyptarane og frå alle som undertrykte dykk. Eg dreiv dei bort for dykk og gav dykk landet deira.

10. Eg sa til dykk: «Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje frykta gudane til amorittane, som eigde det landet de bur i.» Men de ville ikkje høyra på meg.

Les hele kapitlet Dommarane 6