Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 4:7-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Så skal eg få Sisera, Jabins hærførar, til å dra ut mot deg med vogner og troppar ved Kisjon-dalen. Eg gjev han i dine hender.»

8. Barak sa til henne: «Går du med, skal eg gå, men går du ikkje med meg, går ikkje eg.»

9. Då sa ho: «Visst skal eg gå med deg. Men då er det ikkje du som får æra for den ferda du gjer. For Herren vil overgje Sisera i handa til ei kvinne.» Så drog Debora med Barak til Kedesj.

10. Barak kalla Sebulon og Naftali saman i Kedesj. Så drog han av stad, og bak han marsjerte ti tusen mann. Debora drog saman med han.

11. Kenitten Heber hadde skilt lag med dei andre kenittane, som var etterkomarar av Hobab, svogeren til Moses, og hadde slege opp telta sine ved Elon-Saanannim, ved Kedesj.

12. Sisera fekk melding om at Barak, son til Abinoam, hadde drege opp på Tabor-fjellet.

13. Han samla alle vognene sine, ni hundre jernvogner, og heile den hærstyrken han hadde, og førte dei frå Harosjet-Haggojim til Kisjon-dalen.

14. Då sa Debora til Barak: «Opp! For dette er dagen då Herren vil gje Sisera i dine hender. Herren går føre deg!» Så drog Barak ned frå Tabor-fjellet, og ti tusen mann var med han.

15. Då Barak gjekk til åtak, slo Herren Sisera og alle stridsvognene hans og heile hæren hans med forvirring. Sisera steig ned av vogna og rømde til fots,

16. medan Barak sette etter vognene og hæren heilt til Harosjet-Haggojim. Heile hæren til Sisera fall for sverdet. Ikkje ein einaste vart att.

17. Sisera sjølv rømde til fots og kom til teltet der Jael, kona til kenitten Heber, heldt til. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og slekta til Heber.

Les hele kapitlet Dommarane 4