Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 4:16-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. medan Barak sette etter vognene og hæren heilt til Harosjet-Haggojim. Heile hæren til Sisera fall for sverdet. Ikkje ein einaste vart att.

17. Sisera sjølv rømde til fots og kom til teltet der Jael, kona til kenitten Heber, heldt til. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og slekta til Heber.

18. Jael gjekk ut og møtte Sisera. «Kom inn, herre, kom inn til meg», sa ho. «Ver ikkje redd!» Han kom inn i teltet til henne, og ho dekte han til med eit teppe.

19. Han bad henne: «Ver snill og gjev meg litt vatn, for eg er så tørst!» Ho opna ei skinnflaske med mjølk, lét han få drikka og dekte han til att.

20. Så sa han til henne: «Stå i teltopninga! Kjem det ein og spør om det er nokon her, skal du svara nei.»

21. Jael, kona til Heber, greip ein teltplugg og tok ein hammar i handa. Så gjekk ho stille inn til han og slo pluggen gjennom tinningen på han så pluggen gjekk ned i jorda. Han hadde lege utmatta og sove, og slik døydde han.

22. I det same kom Barak, som forfølgde Sisera. Jael gjekk ut og møtte han. Ho sa: «Kom, så skal eg visa deg mannen du leitar etter!» Han gjekk med henne inn, og sjå, der låg Sisera død med teltpluggen gjennom tinningen.

23. Den dagen audmjuka Gud kanaanearkongen Jabin framfor israelittane.

24. Og handa til israelittane vart meir og meir tyngjande for kanaanearkongen Jabin, heilt til dei gjorde ende på Jabin, kongen i Kanaan.

Les hele kapitlet Dommarane 4