Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 4:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge, no då Ehud var død.

2. Herren gav dei i hendene på kanaanearkongen Jabin, som styrte i Hasor. Hærføraren hans heitte Sisera; han heldt til i Harosjet-Haggojim.

3. Israelittane ropa til Herren. For Jabin hadde ni hundre jernvogner, og han kua israelittane med makt i tjue år.

4. På den tida var profetkvinna Debora, kona til Lappidot, dommar i Israel.

5. Ho brukte å sitja under Debora-palmen mellom Rama og Betel i Efraim-fjella. Israelittane kom til henne for å få dom i rettstvistar.

6. Debora sende bod etter Barak, son til Abinoam, frå Kedesj i Naftali-landet og sa til han: «Høyr kva Herren, Israels Gud, byd deg: Gå av stad og dra opp på Tabor-fjellet! Ta med deg ti tusen mann frå Naftali og Sebulon.

7. Så skal eg få Sisera, Jabins hærførar, til å dra ut mot deg med vogner og troppar ved Kisjon-dalen. Eg gjev han i dine hender.»

8. Barak sa til henne: «Går du med, skal eg gå, men går du ikkje med meg, går ikkje eg.»

9. Då sa ho: «Visst skal eg gå med deg. Men då er det ikkje du som får æra for den ferda du gjer. For Herren vil overgje Sisera i handa til ei kvinne.» Så drog Debora med Barak til Kedesj.

Les hele kapitlet Dommarane 4