Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 3:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Då flamma Herrens vreide opp mot israelittane, og han gav dei i hendene på Kusjan-Risjatajim, kongen i Aram-Naharajim. Israelittane måtte tena Kusjan-Risjatajim i åtte år.

9. Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein redningsmann stå fram i Israel, og han frelste dei. Det var Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb.

10. Herrens ande kom over han, og han vart dommar i Israel. Han drog ut i strid, og Herren gav kongen i Aram, Kusjan-Risjatajim, over i hans hender. Han fekk makta over Kusjan-Risjatajim,

11. og landet hadde fred i førti år. Så døydde Otniel, son til Kenas.

12. Israelittane gjorde på nytt det som vondt var i Herrens auge. Då gav Herren Moab-kongen Eglon makt over dei fordi dei hadde gjort det som var vondt i Herrens auge.

13. Han fekk med seg ammonittane og amalekittane og drog ut og slo Israel, og dei tok Palmebyen.

14. Israelittane måtte tena Eglon, Moab-kongen, i atten år.

15. Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein redningsmann stå fram, benjaminitten Ehud, son til Gera, ein venstrehendt mann. Israelittane sende han med ei gåve til Eglon, kongen i Moab.

16. Ehud laga seg eit tvieggja sverd som var ein gomed langt, og spente det på seg under kleda ved den høgre hofta.

17. Så førte han gåva fram for Eglon, kongen i Moab. Eglon var ein svært tjukk mann.

18. Då Ehud hadde bore gåva fram, sende han bort dei som hadde bore gåva.

19. Sjølv snudde han ved Pesilim, som er ved Gilgal, drog tilbake og sa: «Eg har ein hemmeleg bodskap til deg, konge.» Då sa kongen: «Stille!» Så gjekk dei ut, alle som stod til teneste for han.

20. Då Ehud kom inn til kongen, sat han åleine i det svale takkammeret sitt. Ehud sa til han: «Eg har ein bodskap frå Gud til deg.» Kongen reiste seg frå stolen.

21. Ehud rekte ut venstrehanda, greip sverdet frå høgre hofta og støytte det inn i magen på han

22. så skjeftet følgde med sverdbladet inn. Feittet lukka seg rundt bladet, for han drog ikkje sverdet ut or magen på han, og mageinnhaldet valt ut.

23. Ehud gjekk ut i forhallen, lét dørene til takkammeret att etter seg og låste.

Les hele kapitlet Dommarane 3