Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 3:16-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Ehud laga seg eit tvieggja sverd som var ein gomed langt, og spente det på seg under kleda ved den høgre hofta.

17. Så førte han gåva fram for Eglon, kongen i Moab. Eglon var ein svært tjukk mann.

18. Då Ehud hadde bore gåva fram, sende han bort dei som hadde bore gåva.

19. Sjølv snudde han ved Pesilim, som er ved Gilgal, drog tilbake og sa: «Eg har ein hemmeleg bodskap til deg, konge.» Då sa kongen: «Stille!» Så gjekk dei ut, alle som stod til teneste for han.

20. Då Ehud kom inn til kongen, sat han åleine i det svale takkammeret sitt. Ehud sa til han: «Eg har ein bodskap frå Gud til deg.» Kongen reiste seg frå stolen.

21. Ehud rekte ut venstrehanda, greip sverdet frå høgre hofta og støytte det inn i magen på han

22. så skjeftet følgde med sverdbladet inn. Feittet lukka seg rundt bladet, for han drog ikkje sverdet ut or magen på han, og mageinnhaldet valt ut.

23. Ehud gjekk ut i forhallen, lét dørene til takkammeret att etter seg og låste.

24. Då han hadde gått, kom tenarane til kongen. Dei fekk sjå at dørene til takkammeret var låste, og tenkte: «Han har vel eit nødvendig ærend i det svale kammerset.»

25. Dei venta lenge. Men då han ikkje opna dørene, tok dei nøkkelen og låste opp. Og der låg herren deira døyande på golvet.

26. Men Ehud slapp unna medan dei andre var tvilrådige; han var alt komen forbi Pesilim og flykta vidare mot Se'ir.

27. Då han kom fram, bles han i bukkehornet i Efraim-fjella. Israelittane drog ned med han frå fjellet, og han gjekk føre dei.

28. «Følg etter meg», sa han til dei, «for Herren har gjeve fiendane dykkar, moabittane, i dykkar hender!» Dei drog ned etter han og tok vadestadene over Jordan til Moab. Dei lét ikkje ein einaste sleppa over.

29. Den gongen felte dei ti tusen moabittar, alle kraftige og modige menn; ikkje ein kom seg unna.

30. Moab måtte bøya seg under Israels hand den dagen, og så hadde landet fred i åtti år.

31. Etter Ehud kom Sjamgar, son til Anat. Han felte seks hundre mann av filistrane med ein piggstav til å driva oksar med. Også han berga Israel.

Les hele kapitlet Dommarane 3