Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 3:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er dei folkeslaga som Herren lét vera att. – Han ville bruka dei til å setja Israel på prøve, dei av Israel som ikkje hadde vore med i alle krigane om Kanaan.

2. Dette gjorde han for at dei komande slektene av israelittar skulle læra å føra krig, men berre dei som ikkje hadde vore med før. –

3. Det var hovdingane for dei fem filistarbyane, alle kanaanearane, sidonarane og hevittane som budde i Libanon-fjella, frå Baal-Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.

4. Ved dei vart Israel sett på prøve, så det kunne visa seg om dei ville lyda boda som Herren hadde gjeve fedrane deira gjennom Moses.

5. Israelittane budde midt imellom kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane.

6. Dei tok døtrene deira til koner og gav sjølve døtrene sine til sønene deira, og dei dyrka gudane deira.

7. Israelittane gjorde det som var vondt i Herrens auge; dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Baal-gudane og Asjera-gudinnene.

8. Då flamma Herrens vreide opp mot israelittane, og han gav dei i hendene på Kusjan-Risjatajim, kongen i Aram-Naharajim. Israelittane måtte tena Kusjan-Risjatajim i åtte år.

9. Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein redningsmann stå fram i Israel, og han frelste dei. Det var Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb.

10. Herrens ande kom over han, og han vart dommar i Israel. Han drog ut i strid, og Herren gav kongen i Aram, Kusjan-Risjatajim, over i hans hender. Han fekk makta over Kusjan-Risjatajim,

11. og landet hadde fred i førti år. Så døydde Otniel, son til Kenas.

12. Israelittane gjorde på nytt det som vondt var i Herrens auge. Då gav Herren Moab-kongen Eglon makt over dei fordi dei hadde gjort det som var vondt i Herrens auge.

13. Han fekk med seg ammonittane og amalekittane og drog ut og slo Israel, og dei tok Palmebyen.

14. Israelittane måtte tena Eglon, Moab-kongen, i atten år.

Les hele kapitlet Dommarane 3