Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 21:21-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Når de då ser at ungjentene i Sjilo kjem ut og dansar ringdans, skal de springa fram frå vinmarkene og rana dykk kvar si kone mellom ungjentene i Sjilo, og så fara heim att til Benjamin-landet.

22. Og når fedrane eller brørne deira kjem og klagar til oss, skal vi seia til dei: Lat oss visa nåde mot dei! For vi fekk ikkje tak i ei kone til kvar i krigen. De har heller ikkje gjeve dei til dei, så det kviler inga skuld på dykk.»

23. Benjamin-mennene gjorde slik. Dei tok seg kvar si kone mellom dei dansande jentene som dei hadde bortført. Så drog dei heim att til eigedomen sin, bygde opp att byane og vart buande der.

24. Israelittane òg drog bort derifrå, kvar til sin stamme og si ætt, heim til sin eigedom.

25. I dei dagane var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.

Les hele kapitlet Dommarane 21