Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 21:1-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I Mispa hadde israelittane svore at ingen av dei skulle gje dotter si til ein mann av Benjamin.

2. Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds andlet heilt til kvelds. Dei gret høgt

3. og sa: «Herre, Israels Gud, kvifor skulle dette henda i Israel, så det i dag manglar ein stamme av Israel?»

4. Tidleg neste morgon bygde folket eit altar der og bar fram brennoffer og fredsoffer.

5. Så sa israelittane: «Kven i alle Israel-stammane kom ikkje opp til forsamlinga, til Herren?» For dei hadde svore ein dyr eid om at den som ikkje kom opp til Herren i Mispa, skulle døy.

6. Israelittane sørgde over brørne sine i Benjamin og sa: «I dag er ein stamme hoggen bort av Israel.

7. Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner? Vi har då svore ved Herren at vi ikkje vil gje dei av døtrene våre.»

8. Så spurde dei: «Fanst det ei ætt i Israel-stammane som ikkje kom opp til Herren i Mispa?» Det viste seg at frå Jabesj i Gilead var ingen komen til forsamlinga i leiren.

9. Folket vart mønstra, men det fanst ikkje nokon av dei som budde i Jabesj i Gilead der.

10. Forsamlinga sende då tolv tusen krigarar dit og sa til dei: «Far av stad og hogg ned Jabesj-buane i Gilead med sverd, kvinner og born òg.

11. Slik skal de gjera: Alle menn og alle kvinner som har lege med menn, skal de slå med bann og utrydda.»

12. Då fann dei mellom Jabesj-buane i Gilead fire hundre unge jenter som var jomfruer og ikkje hadde vore saman med eller lege med nokon mann. Og dei tok dei med seg til leiren i Sjilo i Kanaan.

13. Så sende heile forsamlinga bod til dei Benjamin-mennene som var på Rimmon-berget, og lova dei fred.

14. Då kom Benjamin-mennene att med ein gong, og israelittane lét dei få dei kvinnene frå Jabesj i Gilead som dei hadde late leva. Men det vart ikkje nok til dei.

15. Folket sørgde endå over Benjamin. For Herren hadde laga eit tomrom blant Israel-stammane.

16. Då sa dei eldste i forsamlinga: «Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner når kvinnene i Benjamin er utrydda?»

17. Og dei sa: «Korleis skal dei som er att av Benjamin, kunna halda fram så ikkje ein heil stamme av Israel går til grunne?

18. Men vi kan ikkje gje dei av døtrene våre.» For israelittane hadde svore og sagt: «Forbanna er den som gjev dotter si til ein mann i Benjamin!»

Les hele kapitlet Dommarane 21