Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 20:31-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Benjaminittane kom ut imot hæren og vart dregne bort frå byen. Liksom dei førre gongene felte dei først nokre av israelittane på landevegane som fører oppover, den eine til Betel og den andre over marka til Gibea. Det var om lag tretti mann av Israel som fall.

32. Då tenkte benjaminittane: «Vi slår dei no som før.» Men israelittane sa: «Lat oss rømma, så vi får drege dei bort frå byen og ut på landevegane.»

33. Så trekte alle israelittane seg tilbake frå staden der dei hadde stått, og fylka seg i Baal-Tamar. Samstundes sprang dei som låg i bakhald, fram frå gøymestaden sin vest for Gibea.

34. Og ti tusen utvalde stridsmenn av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Det vart ein hard strid. Men Benjamin-mennene visste ikkje at ulukka var så tett innpå dei.

35. Herren slo Benjamin framfor israelittane. Den dagen felte israelittane tjuefem tusen eitt hundre mann av Benjamin, alle saman våpenføre menn.

36. Då såg Benjamin-mennene at dei var slegne.Dei andre israelittane trekte seg tilbake frå Benjamin, for dei leit på dei som dei hadde lagt i bakhald attmed Gibea.

37. Dei som låg i bakhald, storma no mot Gibea, spreidde seg og øydde heile byen med odd og egg.

38. Dei andre israelittane hadde gjort den avtalen med bakhaldsmennene at dei skulle la ein tjukk røyk stiga opp frå byen som eit signal.

39. Då no israelittane snudde ryggen til i striden, felte Benjamin i førstninga nokre av dei, om lag tretti mann. Dei tenkte: «Vi slår dei no som førre gongen.»

40. Men så tok signalet, ei røyksøyle, til å stiga opp frå byen. Og då Benjamin-mennene snudde seg, fekk dei sjå at heile byen stod i loge som slo opp mot himmelen.

41. I det same kom israelittane att. Då vart benjaminittane gripne av redsle, for dei såg at ulukka var tett innpå dei.

42. For å sleppa unna israelittane snudde dei og tok vegen mot ørkenen, men striden følgde dei i hælane. Snart var dei som kom frå byane, midt imellom dei og gjorde ende på dei.

43. Israelittane omringa benjaminittane, forfølgde dei utan stans og trakka dei ned, heilt til dei var beint i aust for Gibea.

44. Det fall atten tusen mann av Benjamin, alle saman djerve stridsmenn.

45. Dei andre snudde og rømde ut i ørkenen, til Rimmon-berget. Israelittane nådde endå att fem tusen mann på landevegane. Så sette dei etter resten heilt til Gideom og hogg ned to tusen til.

46. I alt fall det tjuefem tusen våpenføre menn av Benjamin den dagen; alle desse var krigarar.

47. Seks hundre mann snudde og rømde ut i ørkenen, til Rimmon-berget. Der heldt dei til i fire månader.

48. Men israelittane drog tilbake til Benjamin og øydde byen med odd og egg; alt dei kom over, hogg dei ned, både folket og feet. Og alle byane i landet sette dei eld på.

Les hele kapitlet Dommarane 20