Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 20:13-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, så vi kan drepa dei og rydda det vonde ut av Israel.» Men benjaminittane ville ikkje høyra på brørne sine, israelittane.

14. Benjaminittane samla seg frå alle byane sine og kom til Gibea for å gå til kamp mot israelittane.

15. Den dagen mønstra dei tjueseks tusen våpenføre menn frå dei andre byane. Attåt det mønstra folket i Gibea sju hundre utvalde krigarar.

16. I heile denne hæren fanst det sju hundre utvalde menn som var venstrehendte. Når dei kasta slyngjesteinen, kunne dei råka eit hårstrå; ingen bomma.

17. Utan at Benjamin var medrekna, mønstra Israel fire hundre tusen våpenføre menn, alle øvde krigarar.

18. Israelittane braut opp og drog til Betel. Der spurde dei Gud til råds: «Kven av oss skal først dra ut i krigen mot Benjamin-mennene?» Og Herren svara: «Juda først.»

19. Om morgonen braut israelittane opp og slo leir midt imot Gibea.

20. Så drog Israelsmennene fram til kamp mot Benjamin. Dei gjekk mot Gibea, fylka til strid.

21. Men benjaminittane kom ut frå Gibea og felte den dagen tjueto tusen israelittar.

22. Likevel tok hæren til israelittane mot til seg og fylka seg til strid på same staden der dei hadde fylka seg dagen før.

23. Dei gjekk opp til heilagdomen og gret for Herrens andlet heilt til kvelds. Og dei spurde Herren: «Skal vi igjen dra fram og kjempa mot benjaminittane, brørne våre?» «Gå imot dei!» svara Herren.

24. Dagen etter gjekk israelittane mot Benjamin-mennene,

25. og andre gongen kom Benjamin ut imot dei frå Gibea. Dei felte på nytt atten tusen israelittar, alle saman våpenføre menn.

26. Då drog alle israelittane, heile hæren, opp til Betel. Der sat dei gråtande for Herrens andlet og fasta heile dagen, heilt til kvelds. Dei bar fram brennoffer og fredsoffer for Herren.

Les hele kapitlet Dommarane 20