Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 20:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok alle israelittane ut, og heile forsamlinga kom saman for Herren i Mispa, alle som ein, frå Dan til Beer-Sjeba og frå Gilead-landet.

2. Og hovdingane for heile folket, for alle Israel-stammane, møtte fram i forsamlinga av Guds folk. Det var fire hundre tusen fotfolk, våpenføre menn.

3. Benjaminittane fekk høyra at israelittane hadde fare opp til Mispa. Og israelittane sa: «Fortel korleis det gjekk til med denne ugjerninga!»

4. Levitten, mannen til den kona som vart drepen, tok då til orde og sa: «Eg og følgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og ville få hus der for natta.

5. Men innbyggjarane i Gibea kom mot meg om natta og omringa huset eg var i. Meg tenkte dei å drepa, og følgjekona mi valdtok dei så ho døydde.

6. Då greip eg følgjekona mi og skar henne opp og sende stykka rundt til alle område i Israels land. For dei hadde gjort ei avskyeleg og skammeleg gjerning i Israel.

7. No er de samla her, alle Israels menn. Kom fram med meininga dykkar og gjev råd!»

8. Då reiste folket seg, alle som ein, og sa: «Ingen av oss skal dra bort til teltet sitt eller fara heim til huset sitt.

9. No vil vi gjera slik med Gibea: Vi går mot byen etter loddkasting.

10. Vi tek ut ti mann for kvart hundre av alle stammane i Israel, hundre for kvart tusen, og tusen for kvart titusen. Dei skal sørgja for forsyningar til hæren, så dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kan gje folket der like for den skammelege gjerninga dei har gjort i Israel.»

11. Så samla dei seg, alle Israelsmennene, og drog mot byen, alle som ein.

Les hele kapitlet Dommarane 20