Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 2:16-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då lét Herren det stå fram dommarar som berga dei ut av hendene på røvarane.

17. Men dei lydde ikkje dommarane sine heller. Dei dreiv hor med andre gudar og tilbad dei. Dei var snare til å bøya av frå den vegen som fedrane deira hadde følgt då dei lydde Herrens bod. Dei gjorde ikkje som fedrane.

18. Kvar gong Herren lét ein dommar stå fram hos dei, var Herren med dommaren og berga dei ut av hendene på fiendane så lenge dommaren levde. For Herren fekk medynk med dei når dei sukka under dei som plaga og undertrykte dei.

19. Men så snart dommaren var død, fall dei frå att, og dei øydela meir enn fedrane gjorde. Dei følgde andre gudar og dyrka og tilbad dei. Dei heldt fram med å vera trassige og gjera det vonde.

20. Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han sa: «Dette folket har brote den pakta eg påla fedrane deira, og ikkje lydd etter det eg har sagt.

Les hele kapitlet Dommarane 2