Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 2:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og inn i det landet som eg med eid hadde lova fedrane dykkar. Eg sa: «Eg vil aldri bryta mi pakt med dykk,

2. og de skal ikkje gjera noka pakt med dei som bur her i landet. Altara deira skal de riva ned.» Men de høyrde ikkje på meg. Kva er det de har gjort?

3. Difor seier eg no: Eg vil ikkje driva dei bort for dykk. Dei skal bli til ei snare for dykk, og gudane deira skal bli ei felle for dykk.

4. Då Herrens engel hadde sagt dette til israelittane, gret folket høgt.

5. Difor kalla dei staden Bokim. Og dei ofra til Herren der.

6. Då Josva hadde sendt folket i veg, drog israelittane kvar til sitt område for å ta landet.

7. Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle enno var i live, dei som hadde levd lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.

8. Josva, son til Nun, Herrens tenar, døydde hundre og ti år gammal.

9. Dei gravla han på hans eigen grunn i Timnat-Heres i Efraim-fjella, nord for Gaasj-fjellet.

10. Snart var heile dette slektsleddet sameina med fedrane sine. Etter dei voks det opp eit nytt slektsledd som korkje kjende Herren eller visste kva han hadde gjort for Israel.

11. Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane

12. og forlét Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut frå Egypt. Dei følgde andre gudar, gudar frå folka som budde omkring, og tilbad dei. Slik gjorde dei Herren rasande.

Les hele kapitlet Dommarane 2