Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 19:5-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Tidleg om morgonen fjerde dagen gjorde mannen seg ferdig og ville ta i veg. Men far til jenta sa til svigerson sin: «Få deg først litt mat til å styrkja deg på, så kan de fara.»

6. Så sette dei seg ned begge to og åt og drakk i lag. Far til jenta sa til mannen: «Gjer vel og ver til i morgon og hygg deg her!»

7. Og då mannen reiste seg og ville gå, nøydde svigerfaren han, så han gav seg og vart der om natta.

8. Morgonen etter, den femte dagen, var han tidleg oppe og ville fara av stad. Då sa far til kona: «Få deg no først litt å styrkja deg på, og vent så til det lid på dagen!» Så åt dei saman, dei to.

9. Då mannen gjorde seg klar til å gå, saman med følgjekona si og tenesteguten, sa svigerfar hans, far til jenta: «No lid det alt til kvelds, ver her i natt! Sjå, dagen hallar, ver her og hygg deg! I morgon tidleg kan de ta i veg, så du kjem heim att.»

10. Men mannen ville ikkje gje seg til der om natta. Han gjorde seg ferdig og tok ut og gjekk til han kom midt for Jebus, det er Jerusalem. Han hadde med seg eit par esel med kløv, og følgjekona var med han.

11. Då dei kom bort imot Jebus, var det langt på dag, og tenesteguten sa til herren sin: «Kom, lat oss ta inn i denne jebusittbyen og vera der om natta!»

12. Men herren svara: «Nei, vi vil ikkje ta inn i ein by der det berre bur framande og ikkje israelittar. Vi vil halda fram til Gibea.»

13. Så sa han til tenesteguten: «Kom, lat oss gå til Gibea eller Rama og få oss hus i ein av dei byane.»

14. Så heldt dei fram, og då sola gjekk ned, var dei tett ved Gibea, som høyrer til Benjamin.

15. Der tok dei av vegen og gjekk inn i Gibea og ville få seg hus for natta. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget, for det var ingen som baud dei hus.

16. Utpå kvelden kom det ein gammal mann heim frå arbeidet sitt ute på marka. Han var frå Efraim-fjella, men budde i Gibea. Elles var folket der på staden benjaminittar.

17. Då den gamle mannen såg opp, fekk han auge på ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar skal du, og kvar kjem du frå?»

18. Han svara: «Vi kjem frå Betlehem i Juda og skal langt bort på Efraim-fjella, der eg er ifrå. Eg har vore i Betlehem i Juda og er no på veg til Herrens hus. Men her er det ingen som vil gje meg husrom,

19. endå vi både har halm og fôr til esla våre og brød og vin til meg sjølv og tenestekvinna di, og til tenesteguten som tenaren din har med seg. Vi manglar ingen ting.»

20. Då sa den gamle mannen: «Fred vere med deg! Lat berre meg sørgja for alt det du treng! På torget må du ikkje vera i natt.»

21. Så følgde han mannen inn i huset sitt og fann fram fôr til esla hans. Då dei hadde vaska føtene, fekk dei mat og drikke.

Les hele kapitlet Dommarane 19