Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 19:21-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Så følgde han mannen inn i huset sitt og fann fram fôr til esla hans. Då dei hadde vaska føtene, fekk dei mat og drikke.

22. Medan dei sat og hygde seg, kom nokre av mennene i byen, gudlause folk som dei var, og omringa huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som eigde huset: «Send ut den mannen som har teke inn hos deg, så vi kan få viljen vår med han!»

23. Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: «Nei, brør, gjer ikkje noko vondt! Sidan denne mannen no er komen inn i huset mitt, må de ikkje gjera så stygg ei gjerning!

24. Sjå, her er dotter mi, som er jomfru, og følgjekona hans; dei skal eg senda ut til dykk. Så kan de ta dei og gjera med dei som de lystar. De må ikkje fara så stygt med denne mannen.»

25. Men mennene ville ikkje høyra på han. Då tok mannen følgjekona si og leidde henne ut til dei, og dei låg med henne og forgreip seg på henne heile natta. Dei sleppte henne ikkje før det leid til morgons og tok til å lysna.

26. I dagrenninga kom kvinna, og ho seig saman framfor døra til det huset der husbonden hennar var. Der vart ho liggjande til det var lyst.

27. Om morgonen stod husbonden hennar opp og opna husdøra. Han gjekk ut og ville fara sin veg. Sjå, då låg følgjekona hans framfor husdøra med hendene på dørstokken.

28. Han sa til henne: «Reis deg opp og lat oss fara i veg!» Men han fekk ikkje svar. Då lyfte han henne opp på eselet, tok ut og drog til heimstaden sin.

29. Då han kom heim, fann han fram ein kniv. Så tok han følgjekona si og skar kroppen hennar opp i tolv stykke. Dei sende han ut til heile Israels-landet.

30. Alle som såg det, sa: «Slikt har aldri hendt og aldri vore spurt frå den dagen israelittane drog opp frå Egypt og til no. Tenk etter, legg råd og sei kva de meiner!»

Les hele kapitlet Dommarane 19