Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 19:2-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Men kona var utru mot han og drog ifrå han og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Då ho hadde vore der i om lag fire månader,

3. tok mannen ut og kom etter henne. Han ville tala venleg til henne og få henne til å koma att. Han hadde med seg tenesteguten sin og eit par esel. Ho leidde han inn i huset til far sin, og då far til jenta såg han, vart han glad og tok imot han med glede.

4. Svigerfar hans, far til jenta, heldt på han, så han vart verande der i tre dagar. Dei åt og drakk, og dei fekk vera der om natta.

5. Tidleg om morgonen fjerde dagen gjorde mannen seg ferdig og ville ta i veg. Men far til jenta sa til svigerson sin: «Få deg først litt mat til å styrkja deg på, så kan de fara.»

6. Så sette dei seg ned begge to og åt og drakk i lag. Far til jenta sa til mannen: «Gjer vel og ver til i morgon og hygg deg her!»

7. Og då mannen reiste seg og ville gå, nøydde svigerfaren han, så han gav seg og vart der om natta.

Les hele kapitlet Dommarane 19