Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 18:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Då sa dei: «Spør Gud for oss, så vi får vita om den ferda vi er ute på, skal lukkast.»

6. Presten svara: «Far i fred! Herren skal ha auge med vegen der de ferdast.»

7. Så fór dei fem mennene og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sorglaust på same måten som sidonarane: roleg og sorglaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.

8. Då mennene kom heim att, spurde brørne deira i Sora og Esjtaol: «Korleis gjekk det?»

9. Dei svara: «Kom, lat oss fara opp mot dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å dra av stad og ta landet!

10. Når de kjem dit, kjem de til eit sorglaust folk. Landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar. Dette er eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.»

11. Så tok dei i veg, seks hundre fullvæpna menn av Dan-slekta, frå Sora og Esjtaol.

12. Då dei var komne opp i høgda, slo dei leir i Kirjat-Jearim i Juda. Difor har den staden vorte kalla Dan-leiren heilt til denne dag. Han ligg vest for Kirjat-Jearim.

13. Derifrå drog dei over Efraim-fjella og kom til huset åt Mika.

14. Dei fem mennene som hadde gått og spionert i Lajisj-landet, sa då til brørne sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre terafar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.»

Les hele kapitlet Dommarane 18