Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 18:14-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Dei fem mennene som hadde gått og spionert i Lajisj-landet, sa då til brørne sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre terafar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.»

15. Så tok dei vegen dit og kom til huset åt Mika der den unge levitten budde, og dei helsa på han.

16. Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dan-stammen vart ståande i porten,

17. gjekk dei fem som hadde vore og spionert i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene.

18. Dei andre hadde gått inn i huset til Mika og henta det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Då sa presten til dei: «Kva er det de gjer?»

19. «Tei stille!» svara dei. «Hald handa for munnen! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje betre for deg å vera prest for ein stamme og ei ætt i Israel enn for huset til ein einskild mann?»

20. Då vart presten glad. Han tok efoden, terafane og det utskorne gudebiletet og gav seg i lag med flokken.

21. Så snudde dei og gjekk. Og borna, buskapen og det dei eigde, hadde dei fremst i ferda.

22. Dei var alt komne langt ifrå huset der Mika budde, før mennene i grannelaget til Mika fekk samla seg. Då dei nådde att danittane

23. og ropa på dei, snudde danittane seg og sa til Mika: «Kva er det du vil, sidan du har samla folka dine?»

24. Han svara: «De har teke gudane mine som eg har laga, og drege av garde med presten min. Kva har eg så att? Og endå spør de meg kva eg vil!»

25. Då sa danittane til han: «Lat oss ikkje høyra eit ord meir av deg! Elles kunne misnøgde folk slå dykk ned og drepa både deg og dine.»

26. Så fór danittane sin veg. Og då Mika såg at dei var for sterke for han, snudde han og drog heim att.

27. Då dei hadde teke det som Mika hadde laga, og presten som var hos han, drog dei mot Lajisj og mot det rolege og sorglause folket der. Folket hogg dei ned med sverd, byen brende dei med eld,

28. og det var ingen som hjelpte. For dei budde langt frå Sidon og hadde ikkje noko å gjera med andre folk. Byen låg i den dalen som høyrer Bet-Rehob til. Dei bygde han opp att og busette seg der.

29. Dei kalla byen Dan etter stamfar sin, son til Israel. Før heitte byen Lajisj.

30. Der sette dei opp det utskorne gudebiletet, og etterkomarane av Jonatan og Jonatan sjølv, som var son til Gersjom og soneson til Moses, var prestar for Dan-stammen heilt til den dagen då folket vart bortført frå landet.

31. Det utskorne gudebiletet som Mika hadde laga, vart ståande hos dei så lenge Guds hus var i Sjilo.

Les hele kapitlet Dommarane 18