Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 18:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I dei dagane var det ingen konge i Israel, og Dan-stammen leita etter eit eige område der dei kunne busetja seg. For det hadde ikkje falle nokon eigedom på dei mellom stammane i Israel.

2. Dans etterkomarar sende då ut fem mann av ætta si, av deira eigne, djerve menn frå Sora og Esjtaol. Dei skulle spionera i landet og utforska det. Og dei sa til dei: «Gå av stad og utforsk landet!»Mennene kom til huset åt Mika i Efraim-fjella og overnatta der.

3. Då dei var i nærleiken av huset til Mika, kjende dei att røysta til den unge levitten. Så tok dei av frå vegen og spurde han: «Kven har ført deg hit? Kva gjer du her, og kvifor er du her?»

4. Då fortalde han om alt det Mika hadde gjort for han. «Han har teke meg i si teneste», sa han, «eg er prest hos han.»

5. Då sa dei: «Spør Gud for oss, så vi får vita om den ferda vi er ute på, skal lukkast.»

Les hele kapitlet Dommarane 18