Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 16:27-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Huset var fullt av menn og kvinner, og alle hovdingane over filistarbyane var der. Og på taket var det om lag tre tusen menn og kvinner som såg på at dei hadde moro med Samson.

28. Då ropa Samson til Herren og sa: «Min Herre og Gud, hugs på meg og styrk meg denne eine gongen, Gud, så eg får hemna meg på filistrane for det eine av auga mine.»

29. Samson tok tak om dei to midtsøylene som huset kvilte på, ei med høgre og ei med venstre armen, og la seg mot dei.

30. Samson sa: «Lat meg få døy saman med filistrane!» Så tok han i med all si makt. Då ramla huset i hop over byhovdingane og over alt folket som var der. Og dei han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe medan han levde.

31. Brørne hans og heile familien til far hans kom ned og henta han. Dei førte han heim og la han i grava til Manoah, far hans, mellom Sora og Esjtaol. Då hadde han vore dommar i Israel i tjue år.

Les hele kapitlet Dommarane 16