Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 16:12-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Dalila tok nye reip og batt han med, og så ropa ho til han: «Filistrane er over deg, Samson!» I rommet innanfor sat det folk på lur, men han sleit reipa av armane sine som var det ein tynn tråd.

13. Då sa Dalila til han: «Til no har du narra meg og loge for meg. Fortel meg korleis du kan bindast!» Han svara: «Ja, dersom du vev dei sju hårflettene mine saman med renninga i veven.»

14. Dalila byssa han i søvn, vov dei sju hårflettene hans inn i veven og støytte pluggen fast. Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då vakna han or søvnen og reiv ut både vevpluggen og renninga.

15. Så sa ho til han: «Korleis kan du seia at du elskar meg når du ikkje har tiltru til meg? No har du narra meg tre gonger og ikkje sagt kvar du har den store styrken din frå.»

16. Som ho plaga han med maset sitt dag ut og dag inn og aldri lét han få fred, vart han så lei seg at han mest ville døy.

17. Så sa han henne heile sanninga: «Det har aldri kome rakekniv på hovudet mitt; for eg har vore ein Guds nasirear heilt frå mors liv. Blir eg raka, fer styrken min frå meg; eg veiknar og blir som alle andre menneske.»

18. Då skjøna Dalila at han hadde sagt henne heile sanninga. Ho sende bod etter hovdingane over filistarbyane og sa: «No kan de koma! Denne gongen har han fortalt meg heile sanninga.» Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne, og pengane hadde dei med seg.

19. No fekk ho Samson til å sovna i fanget sitt. Ho ropa på ein mann og lét han raka av dei sju hårflettene på hovudet hans. Så tok ho til å plaga han, og styrken hans var borte.

Les hele kapitlet Dommarane 16