Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 16:10-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Så sa Dalila til Samson: «Du har narra meg og loge for meg. No må du fortelja meg korleis du kan bindast!»

11. Han svara: «Dersom dei bind meg godt med nye reip som aldri har vore brukte til noko, så veiknar eg og blir som eit anna menneske.»

12. Dalila tok nye reip og batt han med, og så ropa ho til han: «Filistrane er over deg, Samson!» I rommet innanfor sat det folk på lur, men han sleit reipa av armane sine som var det ein tynn tråd.

13. Då sa Dalila til han: «Til no har du narra meg og loge for meg. Fortel meg korleis du kan bindast!» Han svara: «Ja, dersom du vev dei sju hårflettene mine saman med renninga i veven.»

14. Dalila byssa han i søvn, vov dei sju hårflettene hans inn i veven og støytte pluggen fast. Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då vakna han or søvnen og reiv ut både vevpluggen og renninga.

15. Så sa ho til han: «Korleis kan du seia at du elskar meg når du ikkje har tiltru til meg? No har du narra meg tre gonger og ikkje sagt kvar du har den store styrken din frå.»

16. Som ho plaga han med maset sitt dag ut og dag inn og aldri lét han få fred, vart han så lei seg at han mest ville døy.

17. Så sa han henne heile sanninga: «Det har aldri kome rakekniv på hovudet mitt; for eg har vore ein Guds nasirear heilt frå mors liv. Blir eg raka, fer styrken min frå meg; eg veiknar og blir som alle andre menneske.»

18. Då skjøna Dalila at han hadde sagt henne heile sanninga. Ho sende bod etter hovdingane over filistarbyane og sa: «No kan de koma! Denne gongen har han fortalt meg heile sanninga.» Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne, og pengane hadde dei med seg.

19. No fekk ho Samson til å sovna i fanget sitt. Ho ropa på ein mann og lét han raka av dei sju hårflettene på hovudet hans. Så tok ho til å plaga han, og styrken hans var borte.

20. Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då vakna han or søvnen og tenkte: «Eg skal nok riva meg laus og rista meg fri, slik som dei andre gongene.» For han visste ikkje at Herren hadde vendt seg frå han.

21. Filistrane tok Samson og stakk ut auga på han. Dei førte han ned til Gaza og batt han med bronselenkjer. Så sette dei han til å mala korn i fangehuset.

22. Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka.

23. Hovdingane over filistarbyane kom no saman og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest. Dei sa:«Vår gud har gjeve Samson,fienden vår, i våre hender.»

24. Og då folket fekk sjå han, lova dei guden sin og sa:«Vår gud har gjeve fienden våri våre hender,han som herja landet vårtog drap så mange.»

25. Som dei no var komne i godlag, ropa dei: «Hent Samson hit, så vi kan ha moro med han.» Så henta dei Samson or fangehuset, og dei hadde moro med han. Dei stilte han opp mellom søylene.

Les hele kapitlet Dommarane 16