Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 16:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein gong kom Samson til Gaza. Der fekk han sjå ei kvinne som var prostituert, og han gjekk inn til henne.

2. Då folk i Gaza fekk vita at Samson var komen dit, omringa dei han og lurte på han attmed byporten heile natta. Men dei heldt seg i ro så lenge det var natt, og sa: «Vi ventar til det lysnar av dag; då skal vi slå han i hel.»

3. Samson vart liggjande til midnatt; då stod han opp. Han tok tak i dei to dørene i byporten og dei to portstolpane, rykte dei opp saman med portbommen og la dei på skuldrene. Så bar han dei opp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron.

4. Sidan vart Samson glad i ei kvinne i Sorek-dalen. Ho heitte Dalila.

5. Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne og sa: «Sjå om du kan få lokka han til å seia kvar han har den store styrken sin frå, og korleis vi kan rå med han og binda han, så vi får bukt med han. Så skal kvar av oss gje deg elleve hundre sjekel sølv.»

6. Då sa Dalila til Samson: «Kjære, fortel meg kvar du har den store styrken din frå, og korleis du kan bindast, så ein får bukt med deg.»

7. Samson svara: «Dersom dei bind meg med sju rå senestrenger som ikkje har tørka, så veiknar eg og blir som eit anna menneske.»

8. Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde tørka. Dei batt ho han med,

9. og i rommet innanfor hadde ho folk som sat på lur. Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då sleit han av strengene; dei brast som ein strytråd når han kjem nær elden. Og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.

10. Så sa Dalila til Samson: «Du har narra meg og loge for meg. No må du fortelja meg korleis du kan bindast!»

11. Han svara: «Dersom dei bind meg godt med nye reip som aldri har vore brukte til noko, så veiknar eg og blir som eit anna menneske.»

12. Dalila tok nye reip og batt han med, og så ropa ho til han: «Filistrane er over deg, Samson!» I rommet innanfor sat det folk på lur, men han sleit reipa av armane sine som var det ein tynn tråd.

13. Då sa Dalila til han: «Til no har du narra meg og loge for meg. Fortel meg korleis du kan bindast!» Han svara: «Ja, dersom du vev dei sju hårflettene mine saman med renninga i veven.»

14. Dalila byssa han i søvn, vov dei sju hårflettene hans inn i veven og støytte pluggen fast. Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då vakna han or søvnen og reiv ut både vevpluggen og renninga.

15. Så sa ho til han: «Korleis kan du seia at du elskar meg når du ikkje har tiltru til meg? No har du narra meg tre gonger og ikkje sagt kvar du har den store styrken din frå.»

16. Som ho plaga han med maset sitt dag ut og dag inn og aldri lét han få fred, vart han så lei seg at han mest ville døy.

17. Så sa han henne heile sanninga: «Det har aldri kome rakekniv på hovudet mitt; for eg har vore ein Guds nasirear heilt frå mors liv. Blir eg raka, fer styrken min frå meg; eg veiknar og blir som alle andre menneske.»

Les hele kapitlet Dommarane 16