Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 14:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han skrapa honningen ut, heldt han i hendene og åt medan han gjekk frametter. Då han kom til foreldra sine, gav han dei òg, og dei åt. Men han sa ikkje at han hadde funne honningen i løvekroppen.

10. Då far hans kom ned til kvinna, gjorde Samson ein fest der, slik dei unge mennene brukte å gjera.

11. Så snart dei fekk sjå han, fann dei tretti bruresveinar til han; dei var støtt med han.

12. Samson sa til dei: «Lat meg gje dykk ei gåte. Løyser de henne og kjem med svaret til meg rett før dei sju festdagane er ute, skal eg gje dykk tretti linskjorter og tretti festdrakter.

13. Men kan de ikkje løysa henne, skal de gje meg tretti linskjorter og tretti festdrakter.» Dei svara: «Sei fram gåta di, så vi får høyra henne.»

Les hele kapitlet Dommarane 14