Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 14:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Den fjerde dagen sa dei til brura: «Lokk mannen din til å seia oss løysinga på gåta. Elles brenner vi både deg og folket ditt. Det er vel ikkje for å plyndra oss at de har bede oss hit?»

16. Då gjekk brura til Samson og gret og bar seg. «Du elskar meg ikkje», sa ho, «du hatar meg visst. For du har gjeve landsmennene mine ei gåte, men du har ikkje gjeve meg svaret.» Han svara: «Eg har ikkje eingong sagt det til far og mor, skulle eg så seia det til deg!»

17. Men ho gret og bar seg for han alle dei sju dagane festen varte. Og den sjuande dagen sa han det til henne, sidan ho plaga han slik. Så løyste ho gåta for landsmennene sine.

18. Før sola gjekk ned den sjuande dagen, kom mennene i byen og sa til han:«Kva er søtare enn honning,kva er sterkare enn løva?»Samson svara:«Hadde de ikkje pløgd med mi kvige,hadde de ikkje løyst gåta mi.»

19. Då kom Herrens ande over han, og han gjekk ned til Asjkalon og slo i hel tretti mann. Så tok han kleda deira og lét dei som hadde løyst gåta, få dei til festdrakter. I fullt sinne drog han heim att til far sin.

20. Men kona til Samson vart gjeven til den fremste av bruresveinane.

Les hele kapitlet Dommarane 14